-Desse fartøya hadde ikkje vore på sjøen utan dei frivillige.
Riksantikvaren lønar dei mange frivillige sin innsats for å ta vare på den norske fartøyhistorien. Vern gjennom bruk skapar interesse og entusiasme for historiske fartøy hos stadig nye generasjonar.
Sjøbussen Vestgar som trafikkerte ruta Øygarden – Bergen før bruene kom er eit fint døme på den lokale samferdslehistorien. No får fartøyet 2,66 millionar kroner frå Riksantikvaren til påkravd vedlikehald i 2020.
Vestgar er ikkje aleine. Til saman delte Riksantikvaren ut 63 millionar kroner til 43 fartøy. Det kom inn søknadar om nær 273 millionar kroner frå 127 fartøy.
– Fartøya er norsk samferdslehistorie. Dei har frakta både folk og handelsvarar til alle tider. Dette er kulturminne som veldig mange av oss har eit sterkt og nært forhold til, seier riksantikvar Hanna Geiran, i ei pressemelding i samband med tildelinga
-Desse fartøya hadde ikkje vore på sjøen utan dei frivillige, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (A) .