Fekk nei til forlenga dispensasjon

Hav-Line Gruppen AS har fått nei frå Nærings- og fiskeridepartmentet på søknaden om forlenga dispensasjon for slaktefartøyet Norwegian Gannet.

Slaktefartøyet Norwegian Gannet til kai i Bergen.

Første driftsåret har slaktefartøyet Norwegian Gannet drive på dispensasjon frå fiskekvalitetsforskifta. No set Nærings- og fiskeridempartementet foten ned for å fornya dispenasjonen, melder departementet i ei melding.

Norwegian Gannet hentar oppdrettsfisk ved norske anlegg, slaktar ombord og leverer den ferdig fileterte fisken til mottaksterminalen i Danmark.

Fiskekvalitetsforskrifta krev at sokalla produksjonsfisk må sorterast vekk i Norge, før fisken kan eksporterast. Produksjonsfisk er fisk med synlege sår og misdanningar. Hav Line fikk innvilget midlertidig dispensasjon frem til 1. juli 2020 for å kunne innrette seg etter kravet om innenlands sortering.

Les: Slaktebåten får dispensasjon

No har Hav Line fått avslag på søknaden om å få å forlenga dispensasjonen til å framleis å kunna frakte fisken direkte til Danmark for å sortera vekk produksjonsfisken der.

Hav-Line har fått til saman 26,5 millionar kroner kroner i støtte frå Kystverket og Enova til fartøyet, som leverer den ferske fisken til den europeiske marknaden to døgn raskare enn om han hadde blitt slakta i Norge, og som sparar det norske vegnettet for inntil 86 vogntog for kvar tur.

Les: Utfordringar i kø for verdas første slaktefartøy

Norwegian Gannet vert eigd 50 – 50 av Bård Sekkingstad og Haugland-familien.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.