Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) ser ingen grunn til å endra reglane for bruk av leigefartøy i fiskerinæringa, slik Liegruppen har oppfordra om.

Bygginga av Liegruppen AS sitt nye fiskefartøy ved eit verft i Tyrkia er blitt forseinka som følgje av korona-pandemien. Som ein konsekvens klarar ikkje fiskebåtrederiet på Liaskjæret oppfylla kravet om at nybygget må setjast i drift innan to år etter at gamle Libas vart seld.
Les: Liegruppen ber om utsetjing på vegne av fiskerinæringa
På vegne av Liegruppen og andre fiskebåtrederi i same situasjon stilte Stortingsrepresentant Ruth Grung spørsmål til fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen om korona-situasjonen tilsa ei lovendring.
Svaret frå fiskeriministeren er tydeleg. Departementet får mange henvendignar om dagen frå andre rederi som er komne i same situasjon. Det er likevel ingen grunn til å endra lovverket, Liegruppen AS vert nøydd til å søkja om forlenging av perioden med fiske med leigefartøy.
Bruk av leigefartøy er i utgangspunktet forbode i henhald til norsk fiskerilovgjeving. Ved sal av fartøy, i påvente av at eit nybygg skal kunna setjast i drift, vert det likevel gjort eit unntak. I inntil to år kan rederiet la andre fartøy ta det selde fartøyet sine kvotar.
-Det er mogeleg å få leigefartøyløyvet forlenga ved forseinkingar som skuldast tilhøve utanfor rederiet sin kontroll. Forseinking ved verft som følgje av korona-situasjonen vil kunna vera eit slikt tilhøve som ligg utanfor rederiet sin kontroll dersom leveringavtalen vart inngått før korona-problematikken vart alment kjent, svarar Ingebrigtsen.
-Gjeldande regeleverk opnar for at leigefartøyløyver gjeve i samband med kontrahering av nybygg, og som går ut dette året, kan forlengjast som følgje av korona-situasjonen. Søknaden om forlenging må sendast til Fiskeridirektoratet for ordinær sakshandsaming, skriv Ingebrigtsen.