Gjestekommentar: SV ber kommuna vurdera å la folk bidra i desse coronatider

Øygarden SV er på lik linje med SV sentralt med å arbeide mot sosial dumping. 

DER GÅR GRENSA: Eva Aarskog, leiar for Øygarden SV, freistar trekkja grensa mellom frivillighet og sosial dumping.

Av Eva Aarskog, leiar Øygarden SV

Det har ikkje kome forslag om å innføre sosial dumping i Øygarden kommune frå Øygarden SV, eller underteikna! Det er ein påstand Tunellsyn kjem med utan hald i noko eg har uttala.

Les: SV føreslår sosial dumping

I dag er det ein på dugnad på gong for at landet vårt skal kunne koma seg best mogleg gjennom coronaepedimien. I dag er kommunen inne i ein fase der ein ser korleis ein best kan bistå samfunnet. Det er mange område som skal bli sett, og mykje ein skal ha gjort.

Me skal koma oss gjennom det. Det kjem ein dag der folk igjen kan omgåast på normalt vis, gå på arbeid, skule og barnehage. Også den tida må planleggast.

Ikkje alle har ein jobb å gå tilbake til når krisa er over. For nokre vert det kanskje ein lang periode der ein må søke om sosialhjelp eller trygd. Det kan verte lange dagar.  Dagar der ein gjerne skulle ha fått bidrege positivt inn i samfunnet.

Samstundes veit me at det er fleire område i kommunen vår der ein gjerne skulle hatt litt ekstra folk. Det kan vere førefallande arbeid innan boligforvaltning eller parkvesenet. Eller institusjonar der det er for lite tid til å vere med folk ut på tur, høgtlesing og anna aktivitet. Det er mykje arbeid i samfunnet som er sett på vent på grunn av coronakrisa.

Det vil sjølvsagt vere nokre grenser for kva ein kan gjere. Der kommunen nyttar lokale bedriftar skal ein halde fram med det. Kommunalt arbeid skal framleis ut på anbod og det må være rom for at lokale bedrifter skal ta oppdrag for kommunen som før. Har folk eit fagbrev eller annan spisskompetanse innan yrker tilhøyrande desse bedriftene må dei heller tilsetjast enn gjere dugnadsarbeid for kommunen. Det skal heller ikkje være slik at arbeidsledige fagfolk vert teke inn i bedrifter for å gjere fagarbeid på dugnad.  Det må være eit mål å støtte opp om lokalt næringsliv og unngå sosial dumping. Men om det ikkje er ledige stillingar innan den einskilde sit yrke kan dei sjølvsagt være med og gjere dugnadsarbeid på andre områder. Det er og viktig at teieplikt vert overhalde og personvern ivareteke.

Dei som vert gåande heime kan kanskje tenkje seg å bidra positivt inn i kommunen og samstundes ha noko å gjere. Det er ein stor skilnad på å kunne vere med og bidra aktivt i samfunnet og å vere passiv mottakar. Øygarden SV tok difor initiativ til at det kan leggast opp til ein plan slik at dei som ynskjer det skal kunne vere med og gje noko tilbake til kommunen når coronatida er over.

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.