Vil redusera fylkesmannen si makt

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) føreslår å redusera fylkesmannen si makt i dispensasjonssaker.

I forslaget til endringar i Plan og bygningslova som no vert sendt på høyring, foreslår Kommunal- og moderniseringsministeren å kutta i fylkesmannen si makt til å overprøva kommunane.

Lågare terskel
Dagens dispensasjonsreglar er strenge, og fylkesmannen har høve til å overprøva kommunane i alle typar dispensasjonssaker, også i saker som berre vedkjem lokale tilhøve.

– Terskelen for å innvilga dispenasjon vert seinka. Fylkesmannen sin adgang til å overprøva kommunane sitt skjøn vert redusert, varslar kommunal og moderniseringsmoinister Nikolai Astrup.

Litt større
I dag kan kommunane gje dispensasjon frå plan- og bygningslova når fordelane er klart større enn ulempene. I høyringsforslaget er ordet «klart» fjerna, noko som inneber at det kan gjevast dispensasjon når fordelene også berre er litt større enn ulempene.

Strandsona
Men, lokale planpolitikarar kan ikkje venta seg noko totalt frislepp i dispensasjonssaker. Statlege og regionale styremakter skal framleis ha eit ord med i laget mellom anna når det gjeld tiltak i strandsona, i saker som vedkjem jordvern eller kulturminne og i saker der nasjonale eller regionale interesser kan verta vesentlig tilsidesatt.

-Regjeringa sitt mål er å gjera kvardagen einklere for kommunane, næringslivet og den enskilde. Eg trur og håpar at desse endringane er eit skritt i rett retning, seier Astrup i kunngjeringa frå Kommunal- og moderinseringsdepartementet.

2 thoughts on “Vil redusera fylkesmannen si makt

  1. På tide at Fylkesmannen sin makt over lokaldemokratiet blir redusert.
    Fylkesmannen far vært en pest og en plage i alle år. Har fremmet utallige omgjøringsforslag gjennom 16 år i Plankomiteen (Bygningsrådet) i Fjell kommune. Det vil være gledelig om lokalkunnskapen til kommunens folkevalgte i større grad får gjennomslag!
    Sørg for å få til endringen snarest. Når sosialistene overtar regjeringsmakten igjen stopper alle oppmykninger og lokaldemokratiet parkeres igjen.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.