Vil opna skular og barnehagar

Næringslivet tapar milliardar dagleg på nedstengninga av Norge. No må det vurderast om nytten står i forhald til kostnaden, melder NHO.

Illustrasjonsbilete: NHO.

Næringslivsorganisasjonen har kome med råd til Helsedirektoratet om innføring av nye smitteverntiltak frå 8. april.

Å talfesta dei økonomiske konsekvensane av korona-pandemien er krevjande. NHO anslår av permitteringane forårsaka av korona-krisa vil redusera vedriskapinga med 280 milliardar kroner på årsbasis. tilsvarande 1,1 milliardar kroner per virkedag, seier Øystein Dørum, sjeføkonom i NHO i ei pressemelding.

Les: Tapar stort på korona-pandemien

Gjenopning av skular og barnehagar, saman med ei meir fleksibel handtering av reisereglar og karantene, står øverst på NHO si ønskjeliste for å halda hjula i gang.

-Om vi antek at 300.000 foreldre som følgje av omsorgsansvaret har fått redusert den effektive arbeidsdagen sin med ein firedel, tilsvarar det eit ytterlegare produksjonstap på 300 millionar kroner – kvar arbeidsdag. I tillegg kjem redusert produksjon i dei verksemdene som enno ikkje har tydd til permitteringar, seier Dørum.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.