Varslar gruppesøksmål mot kommunen

På vegne av interesseorganisasjonen Tomtefestere på Klokkarvik varslar Roald Broch gruppesøksmål mot Øygarden kommune.

Auken av festeavgifta på 1.416 prosent velta privatøkonomien til Roald Broch. No varslar han gruppesøksmål mot Øygarden kommune.


Bustaden til Roald Broch står på ein festetomt eigd av Opplysningsvesenets fond, og som er framfesta av Sund kommune. I 2014 fekk han melding om at festeavgifta ville verta auka med frå 1.140 til 17.970 kroner året. Ein auke han meinte var ulovleg og som han skriftleg har klaga på ovanfor Sund kommune, både personleg og gjennom advokat. Utan å nå fram.

Les: Forskjellsbehandling frå Sund kommune knekte Roald sin privatøkonomi

Broch beskriv ein situasjon som tilsynelatande har vore utanfor politisk kontroll. Sist haust tok han saka opp ovanfor Kontrollutvalet. Etter det har ingenting skjedd.

I Kontrollutvalet fortalte Knut Eivind Nygård, tidlegare sakshandsamar i Sund kommune, no einingsleiar for eigedom, drift og vedlikehald i Øygarden kommune, om korleis han som administrativt tilsett på lågt nivå var nøydd til å handtera dei komplekse juridiske problemstillingane på eiga hand.

Les: Vil rydda opp i tomtefestesaka i Klokkarvik

Møtt med taushet
No vert alle Broch sine henvendingar møtt med taushet i Øygarden kommune, også av ordførar Tom Georg Indrevik (H).
Broch ser difor ingen annan utveg enn å ta saka opp via rettsapparatet. På vegne av Interesseorganisasjonen Tomtefestere på Klokkarvik og dei 12 tomtefestarane i bygda som framleis eig bustad på festetomtar, varslar han gruppesøksmål mot Øygarden kommune.

Høgsterett
Her varslar han ein gjennomgang av fleire juridiske tilhøve ved Sund kommune sin praksis ovanfor tomtefestarane på Klokkarvik det siste tiåret.

-Fleire dommar i Høgsterett viser at Sund kommune si handtering av vilkåra til tomtefestarane er i strid med lova, hevdar Broch.

Initiativtakaren til gruppesøksmålet viser samtidig til Tomtefesterforbundet, der han hevdar å ha full støtte.

Auka med 1.476 prosent
Det er særleg tre tilhøve tomtefestarane reagerer på og som dei meinar rettsvesenet bør kikka nærmare på:

-Kommunen hadde frist ut 2012 til å regulera festeavgifta, i følgje den opphavelege festeavtalen med OVF frå 1970. Dette har dei fått fleire skriv om frå advokatane våre, men utan å svara, seier ein oppgjeven tomtefestar.

Sund kommune si regulering av festeavgifta etter 2012 har skjedd i strid med den inngåtte festeavtalen, hevdar Broch.
Saman med fleire av naboane fekk Roald Broch i 2014 varsel om at festeavgifta for tomten hans ville verta auka vesentleg. For hans eige vedkomande innebar det ein auke på 1.416 prosent, frå 1.140 til 17.970 kroner året.

Andre av naboane får framleis rekning i samsvar med gammal festeavgift.

Pris på innløysing
Sidan tomtefelta kring kyrka på Klokkarvik vart etablert tidleg på 1970-talet, har fleirtalet av festarane innløyst tomtane sine til gunstig pris.

Fleire av dei attverande tomtefestarane har dei siste åra bedt om pris for at også dei skulle kunna å kjøpa ut sine tomtar.
Men no er ikkje lenger innløysingsprisen i favør av tomtefestarane. Prisen Sund kommune har kravd for innløysing siste tiåret er difor eit anna tilhøve som Broch gjerne ser at domstolane tek stilling til i gruppesøksmålet.

-Ågerpris
Sund kommune har kravd ein pris som har påført innbyggjarane det gjeld ein meirkostnad på fleire hundretusen kroner. I tilfelle der kommunen har kravd for høg innløysingspris, bør domstolane gjera vedtak om tilbakebetaling, krev Broch.

Som døme nemner han ein tomt som vart innløyst for 429.000 kroner, men der prisen skulle ha vore 29.000.

Rett innløysingspris skal, ifølgje lova, vera 25 gongar festeavgifta. Her skal kommunen ta utgangspunkt i den reguleringa kommunestyret vedtok i 1991 og som er det siste lovlege vedtaket som er fatta i saka, ifølgje Broch.

-Kommunen krev ågerprisar. Fleire av tomtefestarane har blitt skremt frå å innløysa tomtane sine på grunn av kommunen sine krav, hevdar Broch.

Fellesareal?
Eir tredje tilhøve Broch meinar det er naturleg å ta opp i denne samanhangen, er fellesarealet tomtefestarane har blitt kravd avgift for i 50 år, men som kommunen enno ikkje har opparbeidd.

-Ein del av området vart seld i 2001, utan at det førte til nokon reduksjon i avgifta, ifølgje Broch.

Ovanfor Kontrollutvalet hevda Nygård at kommunen framleis betalar 80.000 kroner i årleg festeavgift til OVF for fellesareal i Klokkarvik.

Avvist av fylkesmannen
Broch klaga vedtaket i Kontrollutvalet inn for fylkesmannen i Vestland. Heller ikkje fylkesmannen ønskjer å involvera seg i saka.

Hos fylkesmannen viser dei berre til at dette er ein privatrettsleg konflikt mellom dei einskilde tomtefestarane og OVF, seier Broch.

-Det er feil. Dette er ein treparts-konflikt der vi som tomtefestarar er nøydde til å forhalda oss til kommunen, hevdar Broch og viser igjen til tidlegare dommar i Høgsterett.

Kjenner til saka
-Dette er ei sak som ikkje har vore behandla i Øygarden kommune, seier ordførar Tom Georg Indrevik som medgjev at han kjenner til saka, mellom anna frå telefonsamtalar med Broch.

Tomtefestesaka går langt tilbake, i Sund kommune. Vi har ikkje hatt tid enno til å gå inn i alle sakene vi har arva frå dei tidlegare kommunane, beklagar Indrevik og uttrykkjer forståing for at einskilde kan verta utolmodige.

-Om Broch vel å gå til sak, så er det ein rett han har. Eg kan ikkje behandla ei sak over telefonen, seier Indrevik.


Interesseorganisasjonen Tomtefestere på Klokkarvik har oppretta ei eiga Facebook-side der dei argumenterer for saka si.

One thought on “Varslar gruppesøksmål mot kommunen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.