Koronaforseinking av Liegruppen AS sitt nye fiskefartøy kan i verste fall føra til kutt i fiskekvotane. No tek dei problemstillinga opp ovanfor Regjeringa, på vegne av næringa.

Nye Libas skulle ha blitt levert frå Cemre-verftet i Tyrkia før ferien. Som følgje av korona-situasjonen har framdrifta støytt på uventa vanskar. I løpet av ein månad er verda snudd på hovudet, seier dagleg leiar Bjarne Haldorsen i Liegruppen AS til nettavisa Tunnelsyn.no.
Les: Liegruppen først med fiskefartøy på LNG
-Tyrkia er stengt ned. Vi får ikkje folk inn i landet. Underleverandørar kjem ikkje inn på verftet, seier Haldorsen.
To års frist
Nokon ny leveringsdato har Liegruppen ikkje fått, men alt tyder på at bygginga vert forseinka. Det kan få konsekvensar for den framtidige verksemda til det familieeigde fiskebåtrederiet.
Nye Libas er bestilt under den sokalla nybyggingsordninga. Det vil seia at dei andre fartøya til fiskebåtrederiet kan fiska kvotane til gamle Libas i inntil to år, til det nye fartøyet er sett i drift.
Søkja om forlenga frist
Fristen for å setja Libas i drift i henhald til nybyggingsordninga går ut til sommaren. Skal Liegruppen framleis kunna behalda fiskekvotane, vert dei nøydd til å søkja Fiskeridirektoratet om forlenga frist, ifølgje Haldorsen.
Men Liegruppen er langt frå einaste fiskebåtrederiet som opplever forseinkingar som følgje av ei hending dei sjølv ikkje er herre over.
På vegne av næringa
-Denne problemstillinga gjeld heile næringa. Det er mange fiskeriverksemder som byggjer båtar i utlandet, seier Haldorsen og nemner fleire andre fiskebåtrederi som er i same situasjon.
No har dei løfta det dei oppfattar som eit generelt problem opp til Stortinget. Stortingsrepresentant Ruth Grung (A) har sendt spørsmålet vidare til fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).
-Det mest fornuftige vil vera å få til ei generell utsetjing, heller enn at alle skal jobba for seg sjølv, seier den daglege leiaren i Liegruppen AS.
Ved godt mot
På Liaskjæret er dei optimistar. Der har dei god tru på at naudropet frå fiskerinæringa vil verta høyrt i Regjeringa.
Skulle det likevel verta slik at fiskerinæringa ikkje mellom dei mange næringane som nyt godt av tiltakspakkar i denne korona-situasjonen, er Haldorsen likevel ved godt mot.
-Fiskeridirektoratet si praktisering av nybyggingsordninga tilseier at så framt forseinkinga skuldast tilhøve fiskebåtrederia ikkje er herre over, så vert søknadar om utsetjing innvilga, seier den daglege leiaren i Liegruppen AS.
One thought on “Liegruppen ber om utsetjing på vegne av fiskerinæringa”