Korona-tiltaka har verka. Det kan sjå ut til at talet på nye tilfelle er i ferd med å flata ut i vårt distrikt.

Dette var hovudbodskapen til Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen, til frammøtte journalistar under dagens pressekonferansen om korona-situasjonen.
Per i dag er 23 personar innlagte på Haukeland universitetssjukehus. Seks av dei er på intensivavdelinga.
Vert friske
-Dei aller, aller fleste vert friske, seier Hansen på grunnlag av ein analyse av pasientgjennomstrøyminga så langt.
Eit 100-tals pasientar har til no vore så sjuke at dei har hatt behov for innlegging på sjukehusa i Hordaland. 34 av dei er utskrivne – i live. Ein har døydd.
Korona-tiltaka ser ut til å ha verka. Om tiltaka ikkje hadde vore innført, kunne talet på sjukehusinnlagte ha vore firedobla, ifølgje Hansen.
Intensivbehandling
Erfaringa så langt tilseier at 25 prosent av dei innlagte treng intensivbehandling for alvorleg lungesvikt. I einskilde tilfelle har det også vore snakk om fleirorgansvikt som følgje av covid-19, seier Stig Gjerde, overlege på intensivavdelinga på Haukeland.
15 pasientar har så langt vore innlagte på intensivavdelinga på Haukeland. Av dei er åtte utskrivne. Dei øvrige har vore innlagte for kort tid til at legane kan seia noko om utfallet, ifølgje Gjerde.
Skaffa tid
Hansen vil ikkje avlysa krisa. I Helse Bergen planlegg dei for ei større tilstrøyming av pasientar fram i tid.
Tiltaka har skaffa helsepersonellet viktig tid til førebygging. På Haukeland har 11.800 tilsette fått opplæring i smittevern, ifølgje Hansen.
For å halda korona-smitta isolerte frå andre pasientgrupper vert det planlagt ei større omfordeling av pasientane. Haukeland Universitetssjukehus skal ta seg av alle tilfelle av korona-smitta. Haraldsplass Diakonale sjukehus skal fungera som akuttmottak for andre typar sjukdomar, gastrokirurgi og ortopedi, seier overlege Jesper Blomquist.
Unngår helsevesenet
Ved Haraldsplass har dei oppfatta at eindel pasientar verkar redde for å oppsøkja helsevesenet om dagen, ifølgje Blomquist.
Årsaka tør overlegen ikkje seia noko om. Det kan vera at folk er redde for å verta smitta, eller at dei ikkje ønskjer å belasta helsevesenet.