Det videooverførte fjernmøtet i kommunestyret i Øygarden torsdag vert truleg det første og einaste – i alle fall på ei tid. Teknikken er noko av forklaringa.

Istaden for å samla kommunestyret til videooverførte fjernmøter i månadane framover, valgtekommunestyret mot MDG sine to røyster, sist torsdag å delegera makta til eit utvida formannskap i månadane framover.
Les: Gav makta til formannskapet
Teknologien fungerte. Sjølve fjernmøtet og videooverføringa gjekk greit, kunne dei meir enn 300 som følgte møtet via kommunen sitt nett-tv, bekrefta.
Les: Planlegg å overføra politiske møte frå heimekontor
Etter litt prøving og feiling fekk samtlege 45 kommunestyrerepresentantar kontakt med ordførar og kommunedirektøren i kultursalen på rådhuset. Berre ei handfull administrative nøkkelpersonar var fysisk tilstade i kultursalen.
-Når det gjeld det tekniske tenkjer eg det var ok, men vi har nok ein veg å gå for å få alt på plass. Merker også at det kan vera utfordrende i forhold til dårleg lyd frå dei einskilde, oppsummerer ordførar Tom Georg Indrevik (H) er faringa i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no
Særleg verka det som om ordføraren si partifelle Nils Kåre Skoge hadde problem med kvaliteten på sambandet.
Sjølv om teknologien fungerte etter intensjonane, var det likevel eindel ved situasjonen som ordføraren sakna.
-Eg sakna den dynamikken som vanlegvis skjer under ordinære møte. Her var det ikkje lagt tilrette for at partia skulle kunna halda gruppemøter undervegs. Det var heller ikkje lagt opp til at gruppeleiarane for dei politiske partia skulle kunna rådføra seg med kvarandre under møtet, utdjupar Indrevik ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.