Dei tre biblioteka i Øygarden er stengt for publikum. Saknar du påskekrim, eller annan litteratur, er det likevel råd å bestilla.
Biblioteka i Øygarden har ei skikkeleg gladmelding til lesehestar og bokormar som føretrekkjer å lesa bøkjer på papir. Sjølv om biblioteka held stengt for publikum, er det likevel anledning til å bestilla bøker for henting, kunngjer Øygardsbiblioteket på heimesida si.
Bestiller du bøker på epost seinast tirsdag kveld, vil biblioteket gjera så godt dei kan om å skaffa deg bøkene, seier kulturleiar Christel Møvik-Olsen.
Biblioteka vil gjera klar bøkene i posar og setja dei utan for døra, enten på Straume, Rong eller Skogsskiftet. Lånarane kan henta dei 1. eller 2. april.
Dei som hentar vert oppfordra om å halda god avstand til kvarandre. Dei
Tilbodet er eit supplement til biblioteka sitt stadig breiare tilbod av digitale bøker.
One thought on “Ope for påskekrim”