Formannskapet skal utgjera øverste politiske leiinga i Øygarden fram til sommaren.
(Saka er oppdatert.)

Mot røystene til MDG sine to representantar vedtok kommunestyret i Øygarden i det videooverførte kommunestyremøtet sist torsdag å overføra makta til formannskapet, i den ekstraordinære situasjonen som kommunen no er inne i.
Les: Føreslår å setja kommunestyret på sidelinja
Les: Planlegg å avvikla politiske møte frå heimekontor
Ordførar Tom Georg Indrevik (H) fekk likevel ikkje alle dei fullmaktene han i utgangspunktet var innstilt på. I staden vedtok fleirtalet at formannskapet kan delegere fullmakter vidare til ordførar. Vidaredelegering til ordførar vert gjort gjeldande berre dersom det ikkje let seg gjere å samle eit vedtaksdyktig formannskap.
For å sikra breiast mogeleg forankring av dei vedtaka som vert gjort, skal gruppeleiarar for parti som ikkje er representerte i formannskapet, og utvalsleiarane inviterast til å delta i møta.
Korvidt dei siste skal ha rett til å fremma forslag og delta i avstemmingane, må avklarast juridisk.
Fullmakta gjeld fram til 30. juni, ikkje til 31. august, slik innstillinga frå administrasjonen la opp til.
One thought on “Gav makta til formannskapet”