Det er oppretta ein eigen avdeling for koronasjuke ved Øygarden lokalmedisinske senter.

Det har i dag blitt registrert fire nye korona-tilfeller i Øygarden. Ettersom 28 innbyggjarar no har testa positivt på covid-19 viruset og fire er innlagde på sjukehus, forventar Øygarden kommune at det kan verta behov for å behandla koronasjuke lokalt, melder kommunen i ei pressemelding.
Avdelinga vil ha plass til inntil 11 pasientar.
For sjuke til å vera heime
-Vi ser for oss avdelinga vil ta hand om pasientar som er for sjuke til å vera heime, men som ikkje treng sjukehusbehandling, eller som er ferdig behandla på sjukehus, seier ordførar Tom Georg Indrevik (H).
Avdelinga på Øygarden lokalmedisinske senter er blitt oppretta gjennom interne omorganiseringar.
Avlasta sjukehus
-Det er krevjande, men nødvendig å leggja til rette for eit tilbod for koronasjuke med å nytta eksisterande lokale. Kommunane må bidra til å avlasta sjukehuset for dei pasientane som ikkje treng å vere på sjukehus, men som er for dårlege til å få hjelp heime. Vi arbeidar no med bemanningsplanar for helsepersonell og gode rutinar for smittevern, seier kommunalsjef for helse og velferd, Line Barmen.
Førebudd
Ein viktig fordel med å etablera avdeling for koronasmitta i det lokalmedisinske senteret er at der er det oksygenuttak i veggane, tilgjengeleg nødvendig medisinsk utstyr, god legedekning og sjukepleiarkompetanse i tillegg til nærleik til legevakt. To isolatrom er allereie på plass, og det ligg til rette for at vi kan tilpassa seg auka behov for sengeplassar, seier Barmen.
Den nye avdelinga er både fysisk og driftsmessig strengt skilt frå dei andre avdelingane i bygget.
Ei betre løysing
Nettavisa Tunnelsyn.no omtalte i går kommunen sin intensjonsavtale med Ågotnes Næringspark om bruk av brakkehotellet på CCB til koronapasientar.
-Avtalen med Ågotnes Næringspark er ein føre-var-avtale. Kriseleiinga i Øygarden håpar på det beste, men førebur seg på det verste, seier Indrevik.
Les: Her kan det verta korona-hotell
-Vi vurderer brakkehotellet som ei betre løysing enn å omgjera idrettshallar til midlertidige sjukehus, slik ein del andre kommunar no gjer, seier Indrevik.