Kriseleiinga i Øygarden kommune har stor forståing for dei som ønskjer å ta turen ut i naturen straks vêrgudane tillet det, men akkurat no kan det vera utrygt.

Vegen opp mot Fjell Festning er ein av dei mest populære turvegane i kommunen, noko som vekkjer uro hos ordførar Tom Georg Indrevik. Det er rett og slett altfor mange som nyttar området no i desse korona-tider.
– Vi oppfordar folk om å følgja smitteråda om halda avstand og ikkje samla seg i for store grupper, seier ordføraren.
Som ei høfleg påminning var han i dag med på å setja opp skilt ved byringa av festningsvegen med påminning om å halda avstand.
-Vi vil helst ikkje verta nøydde til å stengja turområda, sjølv om det er noko vi vil ha til vurdering fram mot påske. Å stengja vil vera ei trist løysing. Eg har difor stor tillit til at folk føl råda frå Folkehelseinsituttet, seier Indrevik.
Tilsvarande skilt vil og verta sett opp ved kommunale leikeplassar og idrettbanar, og ved dei største private anlegga, seier kulturleiar Christel Møvik-Olsen.