Åtvara om stopp i byggjebransjen

Leiar for planutvalet, Svein Otto Jacobsen (FrP), vert nedringt om dagen av håpefulle utbyggjarar som etterlyser framdrifta i plan- og byggjesøknadane sine.

Leiar for Planutvalet, Svein Otto Jacobsen (FrP) vil truleg kunna kalla inn til møte i veka etter påske.

-Det verkar som om det går veldig tregt i byggjesaksavdelinga om dagen. Einskilde utbyggjara har opplevd å måtta venta to månadar på eit referat frå eit møte, innleia leiaren for planutvalet i Øygarden eit innlegg i det videooverførte kommunestyret i går.

Vel er det koronatid, med heimekontor for dei tilsette i kommunen. Utbyggjarane må likevel sleppa å oppleva at planane deira vert stoppa i eit halvt år, seier planutvalsleiaren.

Jacobsen nytta samstundes høvet til å åtvara om konsekvensane:

-I byggjebransjen er det framlei stor aktivitet, og lite permitteringar. Om vi får bygg og anlegg inn på permitteringslistene, vil det verkeleg ta av. Må ikkje koma dit at dei må stoppa produksjonen i påvente av svar frå det offentlege.

Les: Her søkjer dei etter nye medarbeidarar

-Sjølv om det er koronatid, må det gå an å ha møte i planutvalet, argumenterte utvalsleiaren.

-Planen er å ta opp att utvalsmøta etter påske, lova ordførar Tom Georg Indrevik (H).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.