Heile 2.321 Øygardsstrilar er no utestengt frå arbeidslivet.
Talet på ledigmelde har eksplodert siste to vekene som følgje av korona-tiltaka. I Vestland er det no 40.700 ledige. 33.738 av dei er heilt ledige, ifølgje NAV.
-Alle bransjar blir råka. Samfunnet er stengt ned, og det får konsekvensar over alt, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland.
2.177 av dei heilt ledige er heimehøyrande i Øygarden. Det er heile 1.627 fleire enn for to veker sidan, og meir enn ei dobling berre samanlikna med sist veke.
I Vestland er 16.086 av dei heilt ledige permitterte. Det vert ikkje opplyst kor mange av dei ledige i Øygarden som er permittert.
Dei ledige er omlag likeleg fordelt mellom kjønna.
Les: Korona-effekten lammar arbeidslivet
Dei heilt ledige tilsvarar 10,7 prosent av den lokale arbeidstyrken. I tillegg kjem 141 personar på tiltak og ei rekkje delvis ledige.
Talet på ledige aukar dag for dag. Berre i går mottok NAV Vestland 2.014 nye søknadar om dagpengar.
Det er flest ledige innan butikk -og salsarbeid (5.906), reiseliv og transport (5.402) og serviceyrke
(4.024), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (184), akademiske yrke
(344) og undervisning (736).
One thought on “Arbeidsløysa har passert 10 prosent”