Nær 96 prosent av dei som er testa for koronavirus viste seg å lida av andre luftvegsplager.

Den store merksemda kring korona-smitte har ført til sterk pågågang på helseinstitusjonar landet over. Meir enn 61.000 personar busette i Norge er no testa for viruset, ifølgje fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstiuttet.
Av dei testa er det berre 2.371 personar som har testa positivt. Dei øvrige – heile 96 prosent – viste seg å lida av ande luftvegssymptom, som forkjøling, influensa eller allergiar, sa Forland under gårsdagens orientering frå Regjeringa.
193 personar er innlagt med påvist covid-19 smitte. Snittalderen på dei innlagte er 61 år. 78 prosent av dei er menn.