Øygarden kommune har i dag fått bekrefta at to nye innbyggjarar har fått påvist korona-smitte.

Det er dermed totalt 13 personar busette i kommunen som har testa postivit på korona-viruset, ifølgje ei melding frå Øygarden kommune.
Som følgje av restriksjonar på prøvetaking, har talet på testar vore litt lågare dei siste dagane enn tidlegare i veka.
– Eg er ikkje overraska over at vi får nokre nye tilfelle av smitte. Som bidrag til å hindra smittespreiing oppmodar eg oss alle til å oppføra oss som om vi er smitteberarar, seier smittevernlege Jens Eikås til kommunen si heimeside.