Sjølv om du byrjar å trena styrkeløft seint i livet, merkar du rask progresjon, seier Brith Ediassen (62) som nyleg henta heim fire sølv frå EM i styrkeløft for veteranar.

Ediassen som er busett på Ulveseth, er også nestleiar i Øygarden Venstre. I EM i styrkeløft for veteranar i Albi i Sør Frankrike i dagane 9. – 14. mars tok ho medalje i samtlege av dei tre øvingane ho deltok i.
Veteran
Ediassen, som representerer Bergen Styrkeløftklubb, deltok i klassen for veteranar over 84 kilo. Resultatet vart altså sølvmedalje i øvingane knebøy, benkpess og markløft, og samanlagt.
– Eg er nøgd med resultata i min første internasjonale meisterskap, smiler Brith som for tida sit heime i karantene etter utanlandsopphaldet.
Overraska seg sjølv

Ediassen er relativt fersk som styrkeløftutøvar.
-Nokre år tilbake hadde eg aldri trudd at eg som 62-åring skulle koma til å ta sølvmedalje i EM i styrkeløft. Eg har trent mykje styrke, men hadde aldri konkurrert i noko som helst, seier ho.
Konkurranse var noko ho starta med for berre to år tilbake. Medaljane var likevel ikkje noko ho kom lett til. Vanlegvis trenar ho 4 – 5 gongar i veka.
-Eg likar å løfta ting, likar denne typen trening. Miljøet er godt, og det betyr mykje, seier ho.
Viktig for kvinner
Men det er ikkje berre konkurranseinstinktet som driv henne. Styrketrening er særleg viktig for kvinner, tenkjer den ferske sølvmedaljevinnaren.
For Ediassen er trening ei investering i eiga helse. Du kan aldri vita kva som skjer, men tap av styrke er ein vesentleg årsak til svekka helse hos eldre, og kvinner er særleg utsett. Styrketrening bremsar muskeltapet. Med styrketrening bidreg du til å ta vare på kroppen sin muskelmasse. Du tek vare på beinmassen, og styrkar skjelettet, seier ho.
-Sjølv om du har passert 60, vil du som aldri har løfta tidlegare raskt oppleva at du bli betre, oppmuntrar ho andre kvinner i same situasjon.
Mange gode grunnar
-Som einsleg har eg eit særleg ansvar for å ta vare på mi eiga helse. Eg ønskjer å bu heime og klara meg sjølv lengst mogeleg.
-Det er mange gode grunnar til trena styrke. Du treng ikkje å konkurrera. For meg er målet ei god helse og ein sterk kropp, seier den ferske sølvmedaljevinnaren.
Her kan du følgja Brith på trening:
https://nb-no.facebook.com/SprekogBlidStraume/videos/2598796533552623/