Start-up hentar 130 millionar i depressiv marknad

Oppstartselskapet ZEG Power AS som skal produsera hydrogen på Kollsnes, har henta 130 millionar i ein overteikna emisjon.

Oppstartselskap ZEG Power AS skal kommersialisera produksjon av hydrogen frå naturgass, med fangst av CO2 som eit biprodukt. Hydrogenproduksjonen skal i første omgang skje i CCB Energy Park AA på Kollesnes, med utgangspunkt i ein teknologi utvikla ved Institutt for Energiteknikk (IFE). Anlegget kjem til å liggja like ved Northern Light sitt planlagte anlegg for mottak og deponering av CO2 (CCS).

Les: Planlegg hydrogenproduksjon på Kollsnes

Overteikna
For å finansiera prosjektet har selskapet nyleg henta inn 130 millionar kroner i ein overteikna emisjon, kunngjer dei i ei pressemelding.

-Dette er eit viktig steg i rett retning i forhold til vårt planlagte anlegg for produksjon av Hydrogen på CCB Energy Park, Kollsnes, seier visepresident Ronny Hauge ved CCB AS i samband med kunngjeringa av emisjonen.

Skalerbart anlegg
Planen var å henta inn 100 millionar for å finansiera eit anlegg med kapasistet for produksjon av 250 – 5000 tonn hydrogen årleg.

Risikovillige investorar med tru på forretningsideen har altså lagt på bordet 30 millionar ekstra i ein ekstremt depressiv marknad.

Lokal investor
Den lokale eigedomsaktøren Coast Center Base AS er ein av investorane som no satsar millionar på hydrogenproduksjon. Med seg på laget har dei fått ei rekkje investeringsselskap med fokus på ny, klimavenleg teknologi.

Nysnø, som er staten sitt investeringsfond for klimatiltak, er ein av dei nye investorane. Det britiske investeringsfondet AP Ventures, det japanske investeringsfondet Aparx Group, eigd mellom anna av bilprodusenten Toyota, Danske Capital og Nordea Investment Management er andre som har tru på den nye teknologien.

Store framtidsplanar
-CCB har ein strategisk ambisjon om å verta ein aktiv bidragsytar for å bygga ein verdikjede for levering av nullutsleppsenergi til marknaden. Med grunnlag i teknologien til ZEG Power vil CCB bidra til å etablera ein framtidig storskala produksjon og distribusjon av utsleppsfri hydrogen i CCB Energy Park. Dette vil verta den beste lokasjonen for tilførsel av rein energi i ulike formar, både komprimert og flytande hydrogen, og andre framtidige utsleppsfrie produkt, seier Haufe.

One thought on “Start-up hentar 130 millionar i depressiv marknad

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.