Det er ikkje berre helsevesenet og arbeidsmarknaden som slit om dagen. I dag fekk også Telenor trøbbel.

Fastnettet til Telenor var nede i Straumeområdet i over to timar i ettermiddag, frå før klokka 15 og til vel klokka 17.
Hendinga skapte trøbbel for nettavisa Tunnelsyn.no, som ikkje fekk oppdatera lesarane med nye saker. Vi var ikkje aleine om å merka problemet.
Kommunikasjonssvikten skapte trøbbel, hovudsakleg for breibandskundar, over nærast heile landet. Problema starta i Bergensområdet kring klokka 14.30, i følgje NRK.no.
Det er ikkje bekrefta at svikten skuldast den ekstra belastninga av dei mange som jobbar frå heimekontor om dagen. Så seint som i går kunngjorde Telenor at dei har auka kapasiteten på 300 basestasjonar landet over for å handtera den ekstra datatrafikken frå tusenvis av nordmenn med heimekontor.
Telenor sitt mobilnett fungerte som normalt. Det same gjorde nettverka til konkurrentane Telia og Ice.