Etablerer pandemi-legevakt

Etter at ti øygardsstrilar har testa positivt for korona-virus vert det no etablert ei eiga pandemi-legevakt i Sotra Arena.

Her fård det aldri sitja mange sjuke på ein gong. Det store venterommet er innreida for å hindra smittespreiing, fortel leiar for legevakta, Christin Mork.


Legevakta i Øygarden lokalmedisinske senter har fullt opp å gjera om dagen. For å avlasta den ordinære legevakta og fastlegane vert det no etablert ei eiga pandemi-legevakt i Sotra Arena, seier kommuneoverlege Stein-Inge Stigen.

Hindra spreiing
Pandemi-legevakta skal berre ta seg av pasientar med luftvegssymptom. Behovet for å isolera dei sjuke og hindra spreiing av korona-virus til helsepersonell og andre sårbare pasientgrupper har vore medverkande til at ein vel å setja i verk dette tiltaket, understrekar Stigen.

Les: Sotra legevakt er rett stad

Saman med mellom anna ordførar Tom Georg Indrevik, smittevernlege Jens Eikås og leiar for legevakta, Christin Mork, avslørte kommunelegen i dag planane for beredskapshallen i Sotra Arena.

Hallen er innreia med eit romsleg venterom, to undersøkingssrom for legar og fleire telt der sjukepleiarar kan ta prøvar av pasientane. For ekstra sjuke vil det og vera mogeleg å leggja seg nedpå medan dei ventar på ambulanse.

10 har testa positivt
Onsdag har ti øygardsstrilar testa positivt for korona-virus, ifølgje smittevernlege Jens Eikås.

Ti øygardsstrilar har til no testa positivt. Ingen av dei er så sjuke at dei treng innleggjast, seier smittevernlege Jens Eikås.


Helsetilstanden deira varierer frå mild forkjøling til influensa. Ingen er så dårlege at dei treng innleggjast.

Talet gjev eit nokonlunde realistisk bilete av situasjonen per dags dato, hevdar Eikås. Men situasjonen endrar seg raskt, har smittevernlegen erfart. No kan kven som helst verta ramma. Dei nye tilfella er ikkje lenger konsentrert til personar som har vore ute og reist og deira nærståande.

Testing
All testing for korona skal heretter skje i tilknyting til Sotra Arena, men berre i henhald til avtale, og då utanfor hallen.
Så langt er nærare 300 personar busette i Øygarden testa. Kvar dag vert 50 – 60 nye personar testa. For tida er det berre helsepersonell med akutte luftvegsinfeksjonar, sårbare pasientgrupper med symptom og innlagte i helseinstitusjonar med symptom som er aktuelle for testing, ifølgje Mork.

Ring først
Pandemi-legevakta skal vera operativ på dagtid frå og med i morgon.

Kjenner du på at du går og bryggjer på noko, skal du først ringa 116 117 for å tinga time. For å redusera risikoen for smittespreiing vert det lagt opp til å ha færrast mogeleg pasientar samstundes i det romslege venterommet.
Pasientane skal møta ved inngang 6.

Planlagt for beredskap
Dette er første gong Sotra Arena vert nytta i beredskapsamanhang. Slik bruk har vore ein del av planen for denne hallen heilt frå planleggingsstadiet, ifølgje Stigen.

Kommunen sin pandemi-beredskap vart testa første gong i samband med svineinfluensaen i 2009. Den gongen vart 45 prosent av innbyggjarane i Fjell vaksinerte i kultursalen i Rådhuset. Denne gongen finst det inga vaksine.



3 thoughts on “Etablerer pandemi-legevakt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.