I morgon byrjar Skatteetaten utsendinga av den digitale skattemeldinga 2019 til vanlege lønsmottakar og pensjonistar.

At Skatteetaten skalkar alle luker, stengjer publikumsmottaka og sender dei tilsette heim på heimekontor får ikkje påverka samfunnoppdraget: Skattemeldinga skal ut til folket – no.
Utsendinga i år skal skje puljevis. Dei første får melding alt i morgon om at Skatteetaten sitt forslag til inntekt, formue og frådrag, skattekroner til gode eller restskatt å betala er klar til nedlasting på Skatteetaten.no.
Innan 31. mars skal alle vanlege lønsmottakarar og pensjonistar som ikkje har reservert seg mot digital kommunikasjon ha fått tilsendt epost eller SMS om at deira skattemelding er klar.
Du får melding
-Det nyttar ikkje å kava seg opp. Vent til du har fått varselom at du melding er klar, sjølv om naboen har fått si skattemelding for fleire dagar sidan, er bodskapen frå Skatteetaten.
Næringsdrivande, og dei som framleis ønskjer skattemeldinga tilsendt på papir, må smørja seg med tolmod til etter månadsskiftet.
Ny drakt
Den velkjende selvangivelsen framstår i år i ny drakt, tilpassa ny skattelovgjeving og aukande internasjonalisering: I håp om å betra oversikten er dei velkjende postane omgjort til sju temaoversikter som inneheld både inntekter og frådrag;
-arbeid, trygd og pensjon
-bank, lån og forsikring
-familie og helse
-finans
-gåver og arv
-personlege tilhøve
Digitale endringar
Samkøyring av ulike dataregistre inneber at mykje er førehandsutfyllt, men framleis er det stort rom for deg til å gjera digitale endringar i det interaktive dokumentet. Den innebygde søkefunksjonen foreinklar oppgåva, men her kan Sktteetaten klart verta betre når det kjem til rettleiing.
Meinar du til dømes at Skatteetaten verdset bustaden din langt over marknadsverdien, har du høve til å gjera endringar – så framt du kan dokumentera påstanden.
Husk å kontrollera
Er det motsetnadar i informasjonsgrunnlaget, vil du truleg få kontrollspørsmål. Skattemeldinga er samkøyrt mellom anna med det sentrale eigedomsregisteret. Har du til dømes to bustadar, vil du få spørsmål om du leiger ut den eine. Krev du barnefrådrag, utan å ha ungar, er det og noko som vil vekkja undring i Skatteetaten.
-Husk å kontrollera, oppfordrar dei i Skatteetaten. I år er det viktig at du bekreftar. Ser det ut til at du kan pengar til gode, kan ei digital innsending alt no føra til at du slepp venta heilt til Jonsok på skatteoppgjeret.
Ei innsend skattemelding er ikkje skriven i stein. Skulle det dukka opp ny informasjon etter at du har trykt «send», er det berre å registrera endringane og senda inn ein gong til, og enno ein gong…
Internasjonal tilpassing
Norge er eit lite land i verda. Stadig fleire innbyggjarar jobbar internasjonalt, har hus i Spania eller bankinnskot i Sveits. Den digitale skattemeldinga viser at Skatteetaten i stadig større grad har internasjonal oversikt. Skatteavtalar sikrar at ærlege skatteytarar i stor grad slepp dobbelt skattlegging.