Den markante Arbeiderparti-kvinna kjempa like til det siste. Ho fekk kreft i 2017, men lot ikkje sjukdomen stoppa sitt politiske engasjement.
Under valvaka sist haust var ho tydeleg tilstade i korridorane på Rådhuset på Straume. At det ikkje gjekk vegen for hennar parti, var leit, men som den erfarne politikaren ho var, tok ho partiet sitt tap av ordførarvervet i nye Øygarden med fatning.
Sundsokningen som flytta til Fjell i ung alder gjekk heilt til topps i politikken. Etter eit sterkt lokalpolitisk engasjement, fekk ho 20 år på Stortinget. Som olje- og energiminister i Jagland si regjering i 1996 – 1997 leia ho den nasjonale utviklinga i ein vekstbransje i ein periode der alt syntes mogeleg.
Etter at ho «pensjonerte» seg frå Stortinget vart ho Riksrevisor og styreleiar i Helse Bergen, mellom anna. Ho sat og i kommunestyret i Fjell. Siste vervet var som leiar for Aktiv+.
Saknet vert størst i familien, og i Arbeiderpartiet sitt lokallag i Øygarden:
-Ranveig har betydd så utrolig mye for mange av oss i Arbeiderpartiet. Om hun ikke var fornøyd med vårt arbeid så gav hun oss beskjed. Vi var aldri i tvil om hva hun mente, skriv leiinga for Øygarden Arbeiderparti på partiet si Facebookside.
-Ranveig har vært en god mentor for mange oss som kom ny inn i politikken. Hun gav oss råd og viste oss vei. Hun sa aldri nei og tok seg god tid. For henne var det viktig at vi forsto politikken i alt hva vi gjorde og sa.
Ranveig Frøiland vart 74 år.