Laurdag ettermiddag har heile 130 personar meld interesse for å ta på seg helse- og omsorgsrelaterte oppgåver i samband med korona-epidemien.
Før helga etterlyste Øygarden kommune personell med bakgrunn frå helsevesenet, det vera seg pensjonistar eller studentar, som kan tenkja seg å bidra i ein kritisk situasjon.
Les: Ingen koronasjuke på sjukehus
Responsen har vore stor. Laurdag ettermiddag hadde heile 130 personar meldt frå at dei kan tenkja seg å ta på seg helse- og omsorgsrelaterte oppgåver i samband med korona-epidemien, melder heimesida til Øygarden kommune.