Stengde skular og barnehagar, avlyste arrangement, halvfulle bussar og nesten ingen kø.

Redsle for spreiinga av koronaviruset har fått Regjeringa til å innføra dei strengaste restriksjonane sidan krigen. Offentlege instansar set krisestab. I Øygarden har påboda om å stengja skular, barnehagar og publikumsmottak spreidd seg, nærast som virus. Bustadmessa er avlyst. Treningssentre, tannklinikkar, ja sjølv gjenbruksstasjonen stengjer dørene inntil vidare.
Folk som kan vera smitta vert isolerte i karantene. Har du vore ute og reist? Då er karantene neste stopp. Cruiseskip får ikkje leggja til kai. Fly vert sett på bakken.
Det er forbod mot større folkesamlingar. Hald god avstand til alle dei du møter.
Under krigen var parolen at hjula skulle haldast i gong. Under korona er det berre kritiske samfunnsfunksjonar som skal oppretthaldast. Truleg har vi fleire restriksjonar i vente.
Folk flest verkar vera lojale mot dei offentlege pålegga. Stadig fleire held seg heime. Alt i dag var det uvanleg god plass på bussen i myldretimane. Den illgjetne køen over Sotrabrua hadde tørka inn til nærast ingenting.
Øygardsstrilen hamstrar mat, vatn og toalettpapir. Vi er i ferd med å setja kvardagen på vent.
One thought on “Vi set kvardagen på vent”