Den innleigde habilitetseksperten ser ingen juridiske hindre for at kommunedirektør Rune Lid i Øygarden ikkje kan behandla saker knytta til rammeavtaler i Sund.

Partner Einar Drægebø i Harris Advokatfirma AS har vurdert kommunedirektør Rune Lid sin habilitet i samband med rammeavtalar og innkjøpsordningar i Øygarden kommune.
I ein seks siders vurdering som vart offentleggjort i dag, vert spørsmålet om kommunedirektøren sin habilitet vurdert i tre ulike samanhangar. Konklusjonen er den same i alle tre tilfella: Rune Lid er habil.
Les: Øygarden inviterer til pressekonferanse
Rammeavtaler i Sund
Som tidlegare rådmann var Lid øverste administrative leiar då kommunen overskreid grenseverdiane for innkjøp i samband med rammeavtaler.
Kommunedirektør Rune Lid kan ikkje reknast som part i saka og det er ingen særlege tilhøve som tilseier at han er inhabil:
-Ein tenestemann vil kun vera inhabil til å behandla saker der kommunen er klageinstans for eigne avgjerder og den same tenestemannen tidlegare har reelt medverka til avgjerdene som er påklaga, ifølgje Drægebø.
Generell vurdering
Ei vurdering av habilitet må gjerast på grunnlag av ei konkret sak. Det er ikkje mogeleg å vurdera om Rune Lid på generelt grunnlag er inhabil får å behandla saker om offentlege anskaffelsar eller saker om offentlege anskaffelsar i Sund kommune, hevdar Drægebø.
Kommunedirektør Lid er ikkje inhabil frå å behandla saker knytta til rammeavtalar inngått og nytta i Sund kommune som følgje av at han var rådmann der tidlegare, oppsummerer den innleigde advokaten.
Drægebø kan ikkje sjå noko rettsleg grunnlag som generelt er til hinder for at kommunedirektør Lid møter og gjer greie for saker for Kontrollutvalet i Øygarden kommune.
Lig er ikkje inhabil frå å kunna opptre som overordna leiar for innkjøpskontoret i Øygarden kommune.