Får pengar til dagsturhytte

Øygarden får 200.000 kroner frå Vestland fylkeskommune i tilskot til bygging av ei dagsturhytte i Foldnesmarka.

Dagsturhytten er alle bygde over same teikningane, teikna av Rojo arkitekter. Denne står i Fjaler i Sunnfjord, med Norskehesten i bakgrunnen. Foto: Vestland fylkeskommune/ Ingeborg Opdøl Tysnes.

Øygarden vert ein av dei første kommunane i Horaland som får ei slik hytta, ifølgje ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

Ei dagsturhytte er i utgangspunktet ei lita, einkel hytte der turgårar kan gå inn og ha ulike aktivitetar. Hytta skal liggja i eit mykje nytta turterreng, med mange stiar å velja mellom.

Kommunestyret i Fjell vedtok før årsskiftet at ei eventuell dagsturhytte i kommunen skal lokaliserast attmed Larslivatnet, like ved kyrkjevegen til Hjelteryggen.

– Kyrkjevegen er i dag ein særs godt nytta turveg i Foldnesmarka. Området ligg tett på sentrum, fleire skule og barnehagar, og det ligg difor godt til rette for stor bruk av ei eventuell dagsturhytte, skriv kultursjefen i saksinnstillinga den gongen.

Les: Eit uoppdaga tureldorado

Konseptet med dagsturhytter er henta frå Sogn og Fjordane der Sparebankstiftinga Sogn og Fordane har bidrege til bygging av slike hytter i samtlege kommunar. No står Hordaland for tur. Fylkesutvalet vedtok før nyttår å løyva 2 millionar kroner til dei første 20 hyttene.

Her, ved Kyrkjevegen og Larslivatnet, er det planen at dagsturhytta i Fjell skal plasserast.

Erfaringa frå nabofylket i nord inneber at hyttene som no skal byggast skal ha straum frå solcellepanel og varmast av ein vedovn.

Fem entrepenørar har vist interesse for å byggja dei 20 første hyttene, som kvar vert stipulert å kosta kring ein million kroner. Den øvrige finansieringa skal hentast gjennom eit spleiselag mellom kommunane, spelemidlar og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Planen er at samtlege av dei tidlegare kommunane i Hordaland skal få kvar si hytte. Sund og Øygarden er mellom dei kommunane som dermed kan venta å få sine hytter i 2021, føresett at dei vert samde om stadval, og får avgarde ein søknad.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.