Vil engasjera fleire ungdomar i politikken

Paintball bør kunna foreina samfunnsinteresserte ungdomar på tvers av partigrensene, tenkjer ungdomspartia på høgresida.

Morgondagens politikarar: Marianne Garlid Johannessen 19, (FpU) tv, og Synne Nordøy 19, (UH), Odd_Marius Rutle 31, (Liberalistene), Vegard Løknes 21, (Liberalistene), Hranbergur Freyr Hlynsson 17 (FpU) og Lucas Møgster Sætre 21 (UH).

 

Skarpe politiske diskusjoner høyrer med i politikken, men utanom debattane bør ungdomspolitikarane frå ulike parti kunna samarbeida, seier Marianne Garlid Johannessen (FpU).

Samtlege politiske ungdomsorganisasjonar var inviterte, men berre Unge Høgre og Liberalistane valgte å stilla på samlinga på rådhuset i Øygarden mandag kveld.

På venstresida hadde dei snakka saman, og var samde om ikkje å stilla, ifølgje Garlid Johannessen.

-Synd, det er kjekke folk som vi gjerne pratar med i andre samanhangar, seier initiativtakaren og legg til at dei politiske ungdomspartia i mange spørsmål har meir til felles med kvarandre enn med moderpartia.

Klimaspørsmålet, til dømes, opptek dei alle. Korleis utfordringane bør løysast vil dei derimot kunna diskutera både vel og lenge.

-Høgre – venstre-skalaen i politikken er forelda, insisterer Odd-Marius Ruthle. 

Diskusjonen over bordet skjer i ein nøktern tone, sjølv om smilet sjeldan er langt unna.

Ein bør streba etter å unngå sårande personangrep i dei politiske diskusjonane. På paintball-banen vil dei derimot kunns møtast og skyta på kvarandre. Å kappkøyra med go-cart er ein annan sosial aktivitet som vil kunna samla ungdomane utanfor den politiske arenaen, er dei samde om.

Fleire unge bør engasjera seg politisk, er dei samde om. Det er eit mål dei alle ønskjer å jobba for. Kva parti ungdomane vel, er opp til dei sjølve. Fleire av dei tilstadeverande har vore innom fleire politiske parti før dei landa på den ståstaden dei har i dag. 

– Det sosiale, å møtast og ha det kjekt og verta kjende med kvarandre på fritida vil vera minst like viktig som politikken, seier Garlid Johannessen. 

One thought on “Vil engasjera fleire ungdomar i politikken

  1. (LibUng)*
    Ellers en veldig flott artikkel, ang et veldig fint arrangement. Vil takke Fpu Øygarden for initiativet, det er trist at ikke flere ungdomspartier tok del.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.