Maria Thomassen er valgt til første nestleiar i MDG Vestland.

Under MDG Vestland sitt årsmøte på Voss i helga vart Birger Kristian Berntsen frå Vaksdal valgt som leiar i fylkespartiet. Odd Bovim frå Kinn vert andre nestleiar, ifølgje ei pressemelding.
26-åringen frå Bildøy og Øygarden skal også representera fylkeslaget på MDG sitt landsmøte.
Maria Thomassen er gruppeleiar for MDG Øygarden og representerer partiet i kommunestyret og formannskapet.
MDG Øygarden har så langt hatt eit sterkt sosialt fokus grunna dei store økonomiske nedskjæringane i kommunen. For MDG Vestland ønskjer den nye nestleiaren å retta ei sterkare merksemd mot sjøen, ifølgje pressemeldinga.