Tok premie heim til Sotra vgs

I skarp konkurranse med 86 andre ungdomsverksemder i Hordaland sikra gutane i epoH UB seg ein 3. premie i Ungt Entrepenørskap Vestland.

Dei fire gründarane i epoH UB har nytta Facebook svært aktivt i marknadsføringa, og nyttar gjerne kundane sine kommentarar i marknadsføringa. Foto: Mikal Ekren.

Dei unge gründarane frå Sotra vgs vart premiert for marknadsføringa av produktet sitt; Ei spesialdesigna drikkeflaske av plast med Barnekreftforeningen sin logo, og som vert seld til inntekt for kreftramma born.

Les: Ungdomsverksemd samlar pengar til Barnekreftforeningen

Uniformert: Ingen tvil om kva verksemd Mikal Ekren (framme), Christian Bentzen (tv), Henry Opitz og Simen Svea Hauge representerer.

Forretningside og gjennomføring er det Mikal Ekren, Henry Opitz, Christian Berntzen og Simen Svea Hauge som har stått for. Dei unge gründarane har hatt entrepenørskap som valfag siste to åra. Med epoH UB viser dei kva dei har lært.

Heftig marknadsføring, mellom anna gjennom Facebook, har resultert i at første ordren på 300 flasker er utseld. I desse dagar besteller dei 200 til, fortel ein optimistisk dagleg leiar Mikal Ekren til nettavisa Tunnelsyn.no.

I Ungt Entrepenærskap Vestland vert det kåra vinnarar i heile 15 kategoriar. Fem ungdomsverksemder frå Sotra vgs deltok i konkurransen dette året. Til saman 500 ungdomar i 87 ungdomsverksemder frå Hordaland deltek i år.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.