To øygardsstrilar isolerte med koronavirus

To av innbyggjarane i Øygarden har fått påvist koronavirus.

Det stadfestar Øygarden kommune på heimesida si i dag.

Smittevernlege Jens Eikås seier at det ikkje var overraskande at det også vart påvist smitte i vår kommune.

– Vi følgjer råda frå Folkehelseinstituttet, og helsetenesta følgjer opp dei personane som har fått påvist smitte, seier Eikås til kommunen si heimeside.

Så langt er det mindre enn ti personar som har vore testa for koronasmitte.

– Det er dei som har vore i område med pågåande smitte og som innan 14 dagar har symptom på viruset, som får heimekarantene og må testast. Dette gjeld også personar som har vore i kontakt med koronasmitta personar. Inntil testresultat ligg føre, må både den testa personen og dei næraste haldast i heimekarantene slik råda er frå Folkehelseinstituttet, seier Eikås.

Øygarden kommune har sett inn ekstraressursar for å gje informasjon til dei som har spørsmål om koronaviruset. Dei som har mistanke om at dei kva vera smitta, eller som har andre spørsmål knytt til viruset, kan ringja Sotra legevakt på telefon 116 117.

Ordførar Tom Georg Indrevik er oppteken av at kommunen tek situasjonen på alvor:
– Det viktigaste for oss er å vera førebudd på at også vår kommune kan verta ramma av viruset, seier Indrevik.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.