To trauste Vestland-konsern trassa koronafrykten på Oslo Børs sist veke.

Det kan løna seg å vera Vestland-patriot på Oslo Børs. I alle fall gjorde det det sist veke.
Medan verdas børsar skalv i frykt for koronaviruset, og hovedindeksen opplevde det verste fallet sidan 2011, kunne aksjonærane i to trauste Vestland-konsern gni seg i nevane.
Kursen på aksjane i Fjordkraft Holding ASA har aldri vore høgare enn ved utgangen av februar. Etter å ha stige med heile 15,51 prosent, enda sluttkursen fredag ettermiddag på 73 kroner, ifølgje ei pressemelding frå Oslo Børs.
Fjord 1 var ei anna Vestland-verksemd som klarte å stå mot den pessimistiske stemninga. Rederiet sine aksjar auka i verdi med 9,46 prosent, og enda skrekkveka på 41 kroner. Ein kurs aksjen ikkje har vore i nærleiken av sidan sist sommar.
Men, ingen regel utan unntak; Oppdrettverksemda Mowi sank i verdi med 9,6 prosent.
Aller verst gjekk det likevel ut over verdiane på verksemder innan olje og oljeservice. I snitt fall verksemdene på Energi-indeksen med 15 prosent.
One thought on “Lønsam Vestland-patriotisme”