Kvar fjerde arbeidssøkjar hos NAV ønskjer høgare stillingsprosent. Ei overvekt av dei er kvinner.

Det viser NAV sine tal over arbeidsmarknaden i Vestland for februar.
Den offisielle arbeidsløysa, slik NAV presenterer tala, fortel langt frå heile historia. Av dei 12.084 vestlendingane som var registrerte som arbeidssøkjarar hos NAV i februar var heile 3.064 delvis ledige.
Les: -Vi må skapa fleire arbeidsplassar
Det vil seia at dei jobbar mindre enn halv tid og har meldt seg som arbeidssøkjarar av di dei gjerne vil ha høgare stillingsprosent.
Av dei som gjerne vil jobba meir er det ein overvekt av kvinner. Nær seks av ti arbeidssøkjarar med tid til overs er kvinner. Berre fire av ti er menn, ifølgje NAV.
Tilsvarande tal for kommunane vert ikkje opplyst.
2 thoughts on “Vil gjerne jobba meir”