Hollywood-regissør kikkar mot Øygarden

Naturen spelar på lag med historia i osingen Andrè Øvredal sin siste spelefilm «Torden».

Odda og den ville Hardangernatur spelar på lag med historia og dei mange dramatiske effektane i regissør Andrè Øvredal sin siste film «Torden». Iben Akerlie spelar den kvinnelege hovudrolla.

-Eg har prøvd å skapa ein litt uvanleg superhelt-film som bryt med forventningane om korleis ein superhelt skal vera. Fleire ulike historier er fletta saman til ein unik historie som vert veldig eksplosiv i sluttfasen.

Slik oppsummerer regissøren Andrè Øvredal sjølv handlinga i fantasy-filmen «Torden» som hadde premiere på Sotra kino i går.

Trass i at den heftige bruken av fantastiske effektar til tider kan opplevast som litt i overkant, krev Øvredal å verta trudd på at han legg vekt på å skapa jordnære historier som alle kan kjenna seg att i.

Skrive inn i manus
«Torden» er spelt inn med naturen i Odda og Hardanger som spektakulær bakgrunn. Den ville naturen spelar på lag med historia og dei mange dramatiske effektane regissøren har lagt til i studio.

Øvredal er fascinert av den ville norske naturen: Han har sjølv sørga for å skriva Odda og Hardanger inn i dette manuset, seier han til nettavisa Tunnelsyn.no.

Dette er ikkje første gongen Øvredal lar naturen underbyggja handlinga i ein film. Hollywood-regissøren med heimeadresse i Os, fekk sitt gjennombrot i 2010 med «Trolljegeren».

Stengde Hardangerbrua
Ei filminnspeling er eit omfattande prosjekt med mange involverte. Under innspelinga av «Torden» sommaren 2017 var det til ei kvar tid 30 – 50 personar som trong mat og overnatting på opptaksstaden. Noko som til tider var ei logistisk utfordring, midt i turistsesongen.

Opptaka av nokre av dei mest dramatiske scenene kravde at Hardangerbrua vart stengt på natta i lengre tid.

Søkjer til kysten
Det tek fleire år å laga ein spelefilm. Arbeidet med «Torden» starta Øvredal med heilt tilbake i 2013. Den heftige effektbruken innebar at prosessen vart forlenga med halvanna år, samanlikna med ein ordinær film.

Osingen har til eikvar tid 5 – 7 ulike prosjekt på agendaen. Neste store prosjekt er inspirert av ein historie frå heimkommunen under krigen. Ein del av handlinga er lagt til typiske vestnorske kystområde. Øvredal ser ikkje vekk frå at nokre av scenene kan verta spelt inn i Øygarden.

Telavåg?
På et seinare tidspunkt kan det vera aktuelt å koma tilbake og laga ein film der den sentrale handlinga skjer i kystområda våre. Ein krigsfilm, bygd over tyskarane sin hemnaksjon i Telavåg som tema, er døme på ein dramatisk historie som berre ventar på å verta filmatisert.

Finansiering
Til sjuande og sist kokar einkvar filmplan ned til eit spørsmål om finansiering. Ei typisk norsk filminnspeling kostar 20 – 40 millionar kroner. Filming utanfor det sentrale Oslo-området vert gjerne dyrare.

Dei siste åra har det kome fleire økonomiske støtteordningar for selskap som vil spela inn film i Norge. Ordningar som er mest aktuelle for store Hollywood-produksjonar. Dei 50 – 60 millionane som innspelinga av «Torden» har kosta er finansiert av private investorar, seier Øvredal.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.