Fire utanlandske aktørar vert vurderte som aktuelle til å byggja det nye Sotrasambandet.

OPS-kontrakten på bygginga av det nye Sotrasambandet vil verta Norgeshistoriens største, og vert vurdert å ha ein verdi på kring 10 milliardar kroner, i tillegg kjem driftskostnadane gjennom dei første 25-åra.
Bransjeorganisasjonen Byggenæringens Landsforening gjekk sist haust ut og hevda at kontrakten vart for stor, sjølv for dei aller største norske entrepenørverksendene.
Les: Bransjeorganisasjon åtvarar mot Sotrasambandet
Statens vegvesen bekreftar i dag at berre utanlandske tilbydarar vert vurderte som kvalifiserte til å byggja sambandet.
Desse fire har søkt om å verta prekvalifiserte:
- VINCI Concessions SAS
- FCC Concesiones de Infraestructuras S.L.U
- China Communications Construction Company Ltd.
- ITINERA SPA
– No startar den krevjande jobben med å vurdera dei innkomne kvalifiseringssøknadane. Dagen i dag er ein viktig milestolpe for oss som arbeider med Sotrasambandet, seier prosjektleiar Arve Tjønn Rinde i ei pressemelding frå Statens vegvesen.
Statens vegvesen skal no nytta tida fram til medio april på å gå gjennom dokumentasjon og vurdera kor vidt selskapa er kvalifiserte i høve til krava i kontraktsutlysinga. Tre grupperingar skal gå vidare til dialog og forhandlingar.
Det vert venta at kontraktsigneringa vil skje hausten 2021.
5 thoughts on “For stor for norske entrepenørar”