Det blinkar gult for vekst i produksjonen i oppdrettsanlegga på Sotra, raudt for anlegg i gamle Øygarden.

Nærings- og fiskeridepartementet kunngjorde i dag den endelege fargelegginga av dei 13 sonene for oppdrettsanlegg i trafikklyssystemet.
Anlegg for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i området frå Karmøy til Sotra får forbod mot auke i produksjonskapasiteten dei neste to åra, men kan oppretthalda dagens produksjonsvolum. Anlegg langs kysten frå Øygarden og nordover til Stadt vert nøydde til å redusera kapasiteten med seks prosent, ifølgje nyutnemnt fiskeri- og sjømatministeren Geir Inge Sivertsen (H).
Fargelegginga av produksjonsområda for oppdrettsfisk er gjort ut frå ei fagleg vurdering av risikoen for at mengda av lakselus i og rundt merdene skal påverka villaksen i områda negativt.
Raud sone

I øykommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har det blinka raudt heilt sidan planlegging av ordninga med trafikklyssystem tok til i 2017. Dagens kunngjering har difor vore imøtesett med uro. Den endelege fargelegginga av dei 13 produksjonsområda for oppdrettsfisk skulle ha kome før jul, men har fleire gongar vore utsett.
I området frå Karmøy til Sotra (sone 3) har det skjedd ei positiv utvikling i lakselustala siste åra. I departementet har dei tru på at den positive utviklinga skal halda fram. Området er no oppgradert til gult, ifølgje Sivertsen (H)
Anlegga frå Øygarden og nordover til Stadt (sone 4) har ikkje kunna visa til noko tilsvarande positiv utvikling, og får dermed pålegg om reduksjon av produksjonen.
Anlegg i raud sone som kan visa til at dei har lave lusetal, kan søkja om dispensasjon.
Grønt lys
Sju av dei tretten produksjonsområda har fått grønt lys, og vil dermed kunna søkja om konsesjonar for inntil seks prosent auke i produksjonskapasitet. Konsesjonane vil verta tildelt delt etter ei fastprisordning, til 156.000 kroner per tonn auke, eller ved ei auksjon.
One thought on “Nei til oppdrettsvekst i Øygarden”