Ordninga med eit eige likestillingsutval vert ikkje vidareført i Øygarden kommune.

I Fjell har dei dei siste valperiodane vore eit eige likestillings- og diskrimineringsutval som skulle sikra både kjønnsbalanse, og at funksjonshemma og minoritetar vart høyrt i lokaldemokratiet.
Les: Indrevik takkar nei til 520 stemmer ved valet til ny kommune
I Øygarden stod det ei stund så dårleg til at dei valte å satsa på å verta eit utstillingsvindu for kvinner i politikken, med Aud Karin Oen som leiar.
Les: Klar for Kvinnedagen: -Likestillingskampen har endra innhald
Ordninga med eit eige likestillingsutval vert ikke vidareført i nye Øygarden, svara ordførar Tom Georg Indrevik (H) på direkte spørsmål frå varaordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) i siste møte i PAU (Politisk arbeidsutval).
Nyborg har ikkje svara på nettavisa Tunnelsyn si oppfordring om ein kommentar.