-Vi må sjå tilbake på historia, ikkje berre på det som har vore kutyme dei siste kommunestyreperiodane.

Det seier Nils Kåre Skoge, gruppeleiar for Høgre og leiar for valnemnda i Øygarden kommune når nettavisa Tunnelsyn.no spør kven som bør vikariera for varaordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) medan ho er på Stortinget.
Les: Kommentar: Den nye varaordføraren – det må verta eit kvinneval
Valet sist haust gav nye Øygarden kommune ein mann som ordførar og ei kvinne som varaordførar. Både Fjell og Sund har dei siste periodane hatt kvinnelege ordførarar, og med menn som varaordførar.
-Det er rett at dette har vore kutyme den seinare tida, men det er tilfeldig. Vi må heller sjå tilbake på historia. I Sund har vi mange døme på at vi har hatt to menn i toppleiinga, hevdar Skoge og viser til mellom anna til Albrigt Sangolt og Harald Nordstrand.
Opprykk
Valnemnda har ikkje behandla saka. Leiaren for valnemnda ser likevel ikkje noko problematisk i at fyrtårnkommunen i vest no skal tilbake til den tida då det sat to menn i dei to politiske toppverva. For han er det ein sjølvfølge at vararepresentanten for Selsvold Nyborg mellombels rykkjer opp til formannskapet, og at han deretter vert valt til varaordførar. Samarbeidsavtalen tilseier at Høgre får ordføraren og KrF varaordføraren, og då bør det vera slik, seier han.
Les: Avfeia likestillingspørsmålet som ikkje relevant
-Kjønnsbalansen i utvala er oppfylt. Det er ingen ting som tilseier at vi skal få en ny kvinneleg varaordførar, seier Skoge før han legg til at sidan dei fem partia i posisjon verkar vera samde om dette, er det liten grunn til å tru at opposisjonen vil røysta mot.
One thought on “Vil ha to menn på topp”