Øygarden FrP har fått ein straum av nye medlemmar etter at partiet forlot regjeringa.
(Saka er oppdatert.)

Lokalpartiet av FrP har fått 19 nye medlemmar siste veka, etter at partiet forlot 4-partiregjeringa, seier lokallagsleiar Kristin Børve Jacobsen til nettavisa Tunnelsyn.no.
19 nye medlemmar tilseier at lokalpartiet har auka oppslutnaden med kring 10 prosent så langt dette året.
– Det er tydeleg at det er utmeldinga frå regjeringa som har vore utløysande for innmeldinga i FrP. Eg trur ikkje det er nokon her ute som er lei seg for at vi forlot regjeringssamarbeidet. Vi sluttar opp om partileiinga si avgjerd. Utmeldinga skjer på eit litt ugunstig tidspunkt, men med denne saka var begeret fullt. No kan vi snakkar høgare utan å verta hemma av å sitja i ei 4-partiregjering, seier Børve Jacobsen.
Fornya tillit
Eit samrøystes årsmøte gav sist veke Børve Jacobsen fornya tillitt som leiar for lokallaget. Som nye i styret fekk ho med seg Trude Farstad som organisatorisk nestleiar, Daniel V. Sandvik og Caroline Askeland (19) frå Øygarden FpU.
Svein B. Bjørge held fram som politisk nestleiar, Anne-Karin Gørbitz som studieleiar, Jimmy Håkonsund som kasserar og May Elin Limevåg, Jimmy og Karstein Fjeldstad som styremedlemmar.
Gruppeleiar Anita Garlid Johannessen og FpU-leiar Marianne G. Johannessen vil også vera ein del av styret.
-Alle vala var i samsvar med innstillinga frå valkomiteen og skjedde med akklamasjon, seier Børve Jacobsen.
Svein Otto Jacobsen, leiar for planutvalet i Øygarden, er ikkje lenger med i styret.
Treng fleire unge kvinner
– Eg valte å gje min plass til eit yngre kvinnelig medlem då eg mener vi treng fleire unge og kvinner med partiet, noko årsmøte aksepterte og var enig i. Skal eg gjera ein god jobb som utvalsleiar, m¨eg forsaka noko. Dette er ein vinn-vinn-situasjon for alle, vil eg tru, skriv Svein Otto Jacobsen i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.
Børve Jacobsen håpar lokallaget no har lagt dei mange konfliktene bake seg:
-Årsmøtet viste at det har skjedd store endringar i lokallaget, samanlikna då eg vart vald til leiar for eitt år sidan, seier ho.
Les: Lokal FrP-leiar melde seg ut frå talarstolen