Han er letta, dagleg leiar Roy Wareberg i offshoreselskapet Aegopodium AS, over at retten kom til same konklusjonen som han sjølv, eigarane og fem forskjellige uavhengige ekspertar.

For offshore- og bergingsselskapet Aegopodium AS på Ågotnes vil gårsdagen gå inn i historia som ein merkjedag. Frifinninga i Bergen Tingrett inneber at dei endeleg kan setja punktum og legga konkursen i det tidlegare selskapet Atlantic Offshore AS bak seg.
Les: Sel unna verdiane Atlantic Offshore
Dommarane i Bergen Tingrett gav verksemda og eigarselskapet Øgreid AS i Stavanger fullt medhald i påstanden om at kjøpesummen på 14,9 millionar kroner for overtakinga av verdiane i Atlantic Offshore AS i 2016, var rett.
Saksøkjar var konkursbuet i Atlantic Offshore AS. Dei hevda at verdifastsetjinga ved salet av 19 skip til den dåværande hovudaksjonæren Knut Øgreid var ulovleg låg.
Les: Konkursbu trekkjer offshorerederi for retten
Det var saksøkjar som hadde bevisbyrden i dette tilfellet. Dei har ikkje klart å dokumentera at salet av skipa til Øgreid AS i 2016 skjedde til underpris, konkluderer dommarane.
Før konkursen hadde dåverande Atlantic Offshore AS ei gjeld på over to milliardar kroner. I over eitt år freista leiinga å finna ein kjøpar til verksemda, utan å lukkast.
Les: Aegopodium-advokat truga med konkurs
Fann ingen andre kjøparar
-Vi gjorde vårt ytterste for å gjera dette rett. Etter at vi konkluderte med at det ikkje var mogeleg å selja til andre, hyrte vi inn fleire uavhengige verdivurderingar; frå EY, Alpha Corp, Breamar og Clarckson, som i sum konkluderte med det vi til slutt enda opp med. I tillegg fekk og bostyret alt i mai 2016 bekreftet det same av deira innleigde konsulent Alix Partner frå London, skriv Wareberg i ein kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no.
-Det var forventa at vi vant. Vi er likevel letta over at retten mente det same som oss og fem forskjellige uavhengige ekspertar, legg den daglege leiaren i Aegopodium AS til.
Medvind
Etter å ha kvitta seg med gjeld for nærare 700 millionar kroner gjennom konkursen, har Aegopodium AS sigla i medvind.
Les: Bergingsrederi tilbake i djupt farvatn
-Vi berga den gongen fleire hundre arbeidsplassar og driv stadig lønsamt. Vi ønskjer no å sjå framover og vidareutvikle selskapet. Sjølv om marknaden er svak, er han i betring. Vi ser mange spanande mogelegheiter, oppsummerer Wareberg framtidsutsiktene.
Frifinninga inneber at Aegopodium AS får dekka saksomkostningar på 5,1 millionar kroner.