Medan kompisane overlevde på studielån, hadde tapetseraren Einar Nilsson lommene fulle av pengar.

Å velja yrkesfag og verta lærling kan opna mange dører, var hovudbodskapen til elevane på vg2 og vg3 på yrkesfag på Sotra vidaregåande i nye Øygarden under lærlingkonferansen tidlegare denne veka. Livet utviklar seg ikkje alltid i den retninga dei hadde planlagt. Då kan det vera greitt å ha eit fagbrev å visa til.
TV2-kjendisen Einar Nilsson, kjend frå «Tid for hjem» er fagutdanna tapetserar frå Florida i USA. Nilsson snakkar gjerne i store og blomstrete bokstavar og var henta inn for å inspirera ungdomane til å sjå vidare enn allmennfagleg studieretning.
Motivasjon
Fagbrevet, saman med ein solid porsjon motivasjon, fagstolthet, tolmod og eit ope sinn har bidrege til å opna mange dører for tapetseraren. Nilsson har blitt involvert i ei rekkje spanande og varierte prosjekt både her heime og i USA. Innimellom lagar han kulissar på teateret, fortalte han ungdomane.

-Ver nøye, ha fagstolthet – det er det kundane ikkje ser, som tapetseringa bak toalettet, som avslører om du gjer ein skikkeleg jobb, røpa han.
Fagstoltheten er viktig også for sjølvtilliten. Å kunna slå seg sjølv på skuldra av og til er viktig.
Grip sjansen
At Nilsson framstår som den fødde seljar, har sjølvsagt hjulpe både på populariteten og oppdragsmengda: Då tapetseraren flytta tilbake til Bergen frå USA, troppa han like godt opp i redaksjonen til BT for å få omtale. Slik sikra han seg mange oppdrag.
-Eg hadde lommene fulle av pengar, samstundes som kompisane mine overlevde på studielån, mimrar han om tilværet i «Jappetida» på slutten av 1980-talet.
-Eg er verdas nest beste tapetserar, etter læremeistaren min. Det gjeld å sjå mogelegheitane og selja seg inn. Ser eg noko spanande, eller treff kjekke folk, så grip eg sjansen. Slik gjekk det og til at han fekk overtydd Kjersti Bergesen og TV2 om at nettopp han var rette vedkomande i «Tid for hjem».
-Du avgjer
-Veldig mykje er opp til deg sjølv, underbygde Grethe Bjorøy i opplæringskontoret L2L Nilsson sine påstandar.
Opplæringskontoret på Straume håpar å kunna formidla eit 100-tals læreplassar til hausten.
Les: Yrkesmessa – nokon må gjera jobben
-Ingen har rett på læreplass. Det å vera motivert kan vera forskjellen mellom dei som får læreplass og dei som ikkje får, sa Bjorøy.
-Det kan vera ting du ikkje har tenkt på, og som fell på plass etter kvart, berre du er motivert. Det er håp for alle, og for dei som har mykje fråvær på skulen, understreka Bjorøy.
Start på vaksenlivet
Ein lærlingkontrakt inneber ei mellombels tilsetjing. Kva som skjer når læretida er omme, er opp til verksemda. Løna i læretida vil gjerne tilsvara ei fagarbeidarløn, fordelt over heile læretida.
Ikkje alle unge er innforstått med at eit tilvære som lærling inneber ein start på vaksenlivet. Verksemda dei kjem inn i har forventningar til dei. Å vera lærling er meir krevjande enn å gå på skule. Yrket kan vera fysisk krevjande, og tonen på arbeidsplassen langt tøffare enn heime på mamma sitt kjøken.
-Får du læreplass – ikkje slutt! Livet er urettferdig – bli vant til det. Tål å stå i det. Men husk at makta ligg hos deg. Det er du som har makta, oppfordra Bjorøy