Sjølv etter den uvanleg milde vinteren fekk hageeigaren likevel hakeslepp då ho oppdaga denne…

Den underlege vekstsesongen i hagen held fram.
Les: Adventsroser
Den første primulaen blømer, ute, 9. januar! Små, blålilla blomar med gule auge klemt ned mellom frodige, grøne blad. Det vil seia, det var i dag hageeigaren oppdaga han. Dei regnherja blomane antydar at han har rukke å stå der og bløma for seg sjølv i fleira dagar alt.
Primula, ofte kalla nøkkelblom eller kusymre, er ein av dei aller første vårblomane her på Vestlandskysten. Vanlegvis pleiar dei fargeglade blomane stikka hovudet opp av molda tidleg i mars.
Denne vart kjøpt for å vera til glede inne, og er seinare planta ut i ei vid krukke. Og der trivest han, tydelegvis. One of a kind! Slektningane som står i bedet attmed, har såvidt byrja stikka blada opp av molda.