Den lokale forhandlaren henta sigeren heim.

Hyundai og Tesla var dei aller mest populære bilmerkene i nye Øygarden i fjor. I eitt år med svak nedgang i bilsalet kom heile fire av ti selde nye personbilar frå desse to produsentane.
Les: Strilane kjøpte færre personbilar
Hyundai
Heilt på topp kom Hyundai, med 167 selde bilar. Tesla klarte 158, medan Volkswagen vart med heim til 113 bilkjøparar.
Kvar femte bil som vart seld i Fjell, Sund og Øygarden i fjor var ein Hyundai. Merket toppa salsstatistikken i alle dei tre kommunane. På få år har den lokale bilforhandlaren Lieco Auto AS snudd nedgang til oppgang.
Les: Bråbrems for bilforhandlarane
Elbil
Elbilane utgjer ein viktig del av forklaringa. Dei populære elbilane Ioniq og Kona stod for over 90 prosent av totalsalet hos Lieco Auto i fjor, seier dagleg leiar Geir Ole Lie.
Den lokale forhandlaren slår dei aller fleste Hyundai-forhandlarane. I landssamanhang kom Hyundai ut som det sjuande mest selde personbilmerket i fjor. Godt bak Volkswagen, Tesla og Toyota.
-Noko må vi ha gjort rett, smiler Lie.
Lokal tilstadeværelse gjennom fleire tiår, kombinert med eit tilbod av tenester som dekkar alt frå nysal, via skifte av vindusruter og dekkhotell til reparasjonar, inngjev tillitt og tryggleik, forklarar Lie suksessen.
Ford
På tampen av fjoråret kjøpte Lieco konkurrenten Sotra Bil AS. Ford er nærast usynleg på den lokale salsstatistikken, og kjem ikkje med på lista over 10-på-topp.
Forklaringa er ikkje manglande sal, men at Sotra Bil er ein underforhandlar til den bergenske forhandlaren Kverneland, og at dei kring 70 selde Fordane vart registrerte som selde i Bergen, hevdar Lie.
10 mest selde personbilmerke 2019 | |||||
Fjell | Sund | Øygarden | Totalt | % av totalen | |
Hyundai | 126 | 24 | 17 | 167 | 20,6 |
Tesla | 126 | 18 | 14 | 158 | 19,5 |
Volkswagen | 79 | 21 | 13 | 113 | 14,0 |
Nissan | 58 | 13 | 7 | 78 | 9,6 |
Toyota | 54 | 4 | 5 | 63 | 7,8 |
BMW | 37 | 2 | 9 | 48 | 5,9 |
Jaguar | 20 | 0 | 0 | 20 | 2,5 |
Audi | 16 | 2 | 2 | 20 | 2,6 |
Volvo | 14 | 4 | 2 | 20 | 2,6 |
Mercedews Benz | 11 | 3 | 1 | 15 | 1,9 |
One thought on “To bilmerke kjempa om strilane si lommebok”