I oljesmurte Øygarden vekte statsminister Erna Solberg sitt val av klima som gjennomgangstema i nyttårstalen blanda reaksjonar.

Nettavisa Tunnelsyn.no nytta høvet då statsministeren vitja Sotra Arena laurdag til å ta opp det tilsynelatande konfliktfylte temaet.
Les: – I dag er vi alle strilar
-Får vi eit CO2-lagringsanlegg?
-Den avgjerda vil Regjeringa ta når utredninga er ferdig i haust, svara Solberg.
-Er det mogeleg å gjennomføra ei norsk satsing på klima utan CO2-fangst og -lagring?
– Ja. CO2- fangst og -lagring er først og fremst tiltak for å løfta klimautfordringane i andre delar av verda og driva næringsutvikling. Av Norge sine utsleppspunkt er det berre to som kan bruka CCS (Carbon Capture and Storage, red. merk.). Eigentleg er dette næringsutvikling for resten av verda. Eit prosjekt for å få kostnadane ned. Masse spanande næringsutvikling er knytt til det. Men førebels må vi skaffa eit hol vi kan putta CO2-en nedi. Her måtte Regjeringa gje ei ekstraløyving på 500 millionar fordi dei ikkje har funne rett stad å for langtidslagring.
-Kva skal vi i Øygarden leva av når de trappar ned olja samtidig som klima er det nye satsingsområdet?
-Veldig mykje av det de gjer her er knytt til drift og vedlikehald. Drift og vedlikehald har mange tiår framover. Største utfordringa i starten er utbyggingsprosjekta, men dei ligg jo mykje på dei store verfta, og så ligg det mykje i Rogland. For drift og vedlikehald er det ein mykje lengre tidshorisont på omstillinga. Drift og vedlikehald skal jo fortsetja. Men det vert mange småutbyggingar framover, avslutta statsminister Erna Solberg kortversjonen av Regjeringa sine eksterne rammebetingelsar for norsk olje- og gassverksemd i åra framover.
One thought on “Kan ikkje lova CO2- fangst og -lagring”