Det myldrar av unge talent i skulane i Øygarden, avslørte folkefesten i Sotra Arena.

Fjell, Sund og Øygarden no er ein kommune med namnet Øygarden.

Folkefest vart det. Unge sang- og danse-talent i skulane våre fekk vist dei nærare 2.000 som hadde løyst billett til Sotra Arena i dag kva som bur i dei. Breidda i valet av engelske coversongar lovar godt. Ingen bør verta overraska om einskilde av dei som opptrådde i dag kjem til å setja Øygarden på det musikalske Norges-kartet om eit tiår eller to.

For nynorsken derimot, var dette jamngodt med katastrofe: Kvar er Øygarden sine svar på Frida Ånnevik og Odd Nordstoga?



For Tom Georg, i dag heitte første ordføraren i Øygarden berre det, var dette festdagen over alle festdagar: Som stolt stril står han med føtene i fjæra og med blikket mot framtida.


Sjølvaste Erna Solberg hadde teke turen over Sotrabrua for å markera at dei tre kommunane vestom Bergen no er ein:
-Det kan knapt verta betre. I dag er vi alle strilar, helsa statsministeren dei frammøtte. Ein festdag som dette lot ho seg freista til å trekkja den lokale tilhøyrigheten så langt strikken haldt – besteforeldra hadde hytte på Anglevik.
Øygarden vert nest største kommunen i nye Vestland fylke. For godt mål plussa statsministeren like godt på nokre hundre ekstra innbyggjarar også.
-Strilane har stor gjennomslagskraft. Eg kjenner dykk såpss at eg veit de kjem til å setja dykkar preg på heile nye Vestland, erklærte Erna Solberg.
At den nye kommunen har mange tettstadar frå nord til sør, framheva den sentraliseringsglade statsministeren som positivt:
-Heile kommunen skal sjølvsagt vera i bruk!, sa Solberg.

Sjøv ein festdag som denne fann statsministeren det naudsynt å minna om at Øygarden manglar eindel tilbod til dei som treng det aller mest, som barnevern, rus, psykiatri og demensomsorg.
-De har litt arbeid å gjera når festrusen har gitt seg. Lukke til, avslutta Solberg før ho delte ut pengepremiar til skuleklassar.

Dei som syntes det vart for vel mykje luftige festtaler, kunne sleppe lattermusklane laust etterpå, med eit overraskande innslag frå Glesnes-revyen.

Festdagen er langt frå over. Klokka 18.00 vert det korslag, med 12 lokale kor, og etterpå vert det dans med Gardsbruk.
2 thoughts on “-I dag er vi alle strilar! Sjå bileta frå folkefesten!”