Sist dette skjedde her på våre kantar var i 1964.

Så er det offesielt; Fjell, Sund og Øygarden er gått over i historien. Dei er blitt ein kommune, med namnet Øygarden og med fyrlykta som kommunevåpen.
I ein høgtideleg seremoni ved fyrlykta i Skogsskiftet fekk Indrevik, den nye kommunen sin første ordførar, overrekt det nye ordførarkjedet, av dei tre avtroppande ordførarane.
Les: Slik vert det nye ordførarkjedet
Første ordføraren i Øygarden kjenner på ansvaret ovanfor alle innbyggjarane i den nye kommunen og at alle får dei tenestene som kommunen skal levera.
-Alle kan bidra til å byggja fyrtårnet, ikkje berre vi 45 som sit i kommunestyret, seier Indrevik.
-Tusen, tusen takk alle saman. Eg lovar å gjera mitt for alle innbyggjarane i den nye kommunen, lovar Indrevik.
Historisk
-Ei historisk hending som det ikkje er alle forunt å oppleva, hevda Børge Haugetun.
Sist noko tilsvarande skjedde her på våre kantar var i 1964 då Hjelme kommune slo seg saman med ytre Herdla til Øygarden kommune. Fjell og Sund vart begge danna då formannskapsslovene vart innført i 1838. No er dei gått over i historien.