Laila Reigstad og Cato Risløw si avgjerd om å avbryta padleturen Nye Øygarden Rundt var ei god avgjerd.

Det seier styrmann Lars Morten Skaar Herheim i redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen II til nettavisa Tunnelsyn.
Les: Måtte bryta Nye Øygarden Rundt
Følg magekjensla
Avgjerda kom ikkje overraskande på den erfarne sjøredningsmannen:
-Dei visste kva som kom. Dei hadde følgt med på vêrvarselet, seier Herheim som sjølv overvar padleseansen med dei tre ordførarane ved naustet på Misje tidlegare på dagen.
-Har du dårleg magekjensle for å leggja utpå, bør du la det vera. Det er di oppfatning av tryggleiken som skal vera avgjerande, understrekar han.
Eksplosiv auke
Dei siste fem åra har det skjedd ein eksplosiv auke i salet av havkajakkar her til lands. Ein reknar no med at det er kring 350.000 havkajakkar som ferdast i fjordar og mellom holmar og skjer utmed kysten.
Få drukningsulukker
-Heldigvis har det ikkje skjedd nokon tilsvarande auke i talet på redningsaksjonar, slår redningsmannen fast på grunnlag av statistiske data.
Siste fem åra har det berre skjedd fem dødsfall i samband med kajakkpadling. Til samanlikning er det åtte som har omkome i tilknyting til bruk av kano.
I Norge i år har det skjedd 82 drukningsulukker, sju av dei i Hordaland. Farlegast er det å vera på land. Heile fem av drukningsulukkene her i fylket skjedde med personar som fall i sjøen frå land eller bryggje.
Opptekne av tryggleik
Norges Padleforbund gjer ein kjempejobb med kursing i tryggleik. Kring 150.000 padlarar har teke våttkortet som viser at dei både veit å redda seg sjølv og andre, om ulukka skulle vera ute, rosar styrmannen på Kristian Gerhard Jebsen II.
Ei av dei som driv med nettopp med tryggleiksopplæring i samband med havpadling er Laila Reigstad i Reigstad Unlimited.