Skogsskiftet er staden å vera når Nye Øygarden vert ein realitet ved midnatt 31. desember.
Dette nyttårsskiftet vil innebera noko heilt spesielt for dei vel 38.200 innbyggjarar i Fjell, Sund og Øygarden. Ved midnatt den 31. desember vert noverande Fjell, Sund og Øygarden avløyst av Nye Øygarden kommune.
Overgangen til den nye kommunen vert markert med ein einkel seremoni ved fyrlykta i Skogsskiftet klokka 23.30, seier Tom Georg Indrevik til nettavisa Tunnelsyn.no.
I seremonien vil første ordføraren i Nye Øygarden høgtideleg få overrekt den nye ordførarkjeden av dei tre noverande ordførarane Marianne Sandahl Bjorøy, Kari-Anne Landro og Børge Haugetun.
Ved midnatt vert det festfyrverkeri.