3 grader ingen hindring. Kjellemann og Radio 5000 Bergen la fredagsbadet til Misje.

3 grader i lufta og 4 i sjøen.
I lokalradioen 5000 Bergen har dei gjort tradisjon av å bada inn helga. Ein tradisjon såpass sprø at mannen bak det heile, Kjellemann, ein gong døypt Kjell Sigvart Kjellemann Heltorp, etterkvart har lukkast å få støtte mellom anna frå Redningsselskapet og Tryg forsikring til prosjektet.
Denne fredagen hadde radioreportaren lagt seansen til naustet til Reigstad Unlimited på Misje. I påsyn av ein gjeng vinterkledde padlarar i kajakk, tre ordførarar og med heile to redningsskøyter i beredskap hoppa Kjellemann like godt uti sjøen iført badebukse, tatoveringar, 3-dagersskjegg og ingenting anna.
-Brrrfekt badetemperatur, gliste Kjellemann vel oppe att frå sjøen, utan å skjula at han hakka tenner.

One thought on “-Brrrfekt badetemperatur”